Vikar i NMEC: Karoline Sjøen Andersen

Rubbestadneset

Dagleg leiar i NMEC går ut i foreldrepermisjon frå sommaren av, og blir vekke fram til mars 2021. I denne perioden vil Karoline Sjøen Andersen vere vikar og følgje opp medlemmar og aktivitetar i NMEC. Bli betre kjent med Karoline her.

Karoline Sjøen Andersen er nyutdanna master i materialvitskap for energi og nanoteknologi frå Universitetet i Oslo. Masteroppgåva har ho skrive for UNITECH, samstundes som ho har arbeidd på ulike prosjekt for dei, mellom anna som deira representant inn i pilotprosjektet for nye Bømlo vgs. _– Å få jobba for UNITECH medan eg har skrive masteroppgåve har vore svært lærerikt, og eg har fått ansvar for mange spennande oppgåver, både innan solcelleteknologi, som har vore del av masteroppgåva mi, men òg på arbeid innan flytande havvind og ikkje minst oppfølging og koordinering av oppgåver rundt UNITECH teknologisenter med lokasjon for yrkesfagleg opplæring,_fortel Karoline. ****

Eigentleg er Karoline frå Tysvær, men bur i dag i Haugesund saman med sambuaren Jørgen. I juni vart ho fast tilsett i Sustainable Energy-katapulten, som har kontor på Stord, og det er frå katapulten NMEC har vore så heldig å få leige ho inn. Karoline er òg leigd ut til havvindklynga Norwegian Offshore Wind Cluster som har kontor i Haugesund. – Me som bur på Haugalandet og i Sunnhordland er heldige når det kjem til jobb. Desse to regionane er svært nær kvarandre, og det er utruleg mange spennande og varierte arbeidsplassar her; alt frå maritim industri og olje- og gass, til havbruk og fiskeri og store satsingar innan fornybar energi. For meg som nyutdanna, er det å få jobbe tett på mykje av det som skjer rundt etablering av framtidsretta arbeidsplassar gjennom nasjonale klynger som havvindklynga og katapulten, rett og slett utruleg spennande.

I NMEC kjem Karoline til å arrangere medlemssamlingar med ulike tema, koordinere arbeid opp mot pilotprosjektet på vegne av medlemsbedriftene, sjå på korleis medlemsbedrifter i NMEC kan fungere som støttespelarar for bedrifter som kjem til katapulten, og elles oppfølging av administrative oppgåver. – Eg har jo vore så heldig å bli kjent med næringslivet på Bømlo gjennom jobben min hos UNITECH, samarbeidet med NMEC og arbeidet inn i pilotprosjektet for nye Bømlo vgs. Haldningane, engasjementet og gjennomføringsevna som næringslivet på Bømlo til ein kvar tid viser, er imponerande, og det er inspirerande å jobbe så tett på bedrifter som får til så mykje. Eg gler meg veldig til å vere vikar for NMEC, og bli enno betre kjent med bedriftene her.

Me i NMEC er glade for at Karoline stiller som vikar medan dagleg leiar er i permisjon, og ser fram til å samarbeide med ho det komande året.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no