U37 Bømlo vitja Wärtsilä Norway

Rubbestadneset

U37 Bømlo var denne veka invitert til Wärtsilä Norway sitt kontor på Heiane. 21 unge representantar i det lokale næringslivet møtte opp for ein sosial kveld med fleire faglege innslag. Her fekk dei møte eit framoverlent selskap, og nokre av deira gode samarbeidspartnarar i regionen.

Administrerande direktør i Wärtsilä Norway AS, Hans Petter Nesse, tok i mot forsamlinga og fortalde litt om Wärtsilä, historia om oppstarten på Rubbestadneset i 1903, oppkjøpet i 1986 og strategi for vegen vidare. Egil Hystad fortalde deretter om grøn ammoniakk, og kvifor dei no testar ut dette som drivstoff.

IMG_8749 Stor.jpeg

Kjell Arve Vatle frå Alltec tok gruppa med på ein omvisning på det nasjonale katapultsenteret Sustainable Energy. Kjell Arve og Egil fortalde engasjert om korleis dei driv forskning og innovativ testing, og om fleire firma som no er inne og testar sine produkt i katapulten. Ved endt omvisning fekk gruppa høyre frå dagleg leiar Willie Wågen i Sustainable Energy, om alt dei har fått til ved katapulten på få år, og planane vidare.

IMG_8768 Stor.jpegIMG_8775 Stor.jpeg

U37 hadde i forkant ytra ønske om å høyre noko om korleis unge kan gjere seg meir attraktive for styreverv i profesjonelle styrer i regionen, og Astrid Kjellevold tok turen frå Atheno for å fortelje om akkurat dette. Ho kom med nyttige tips til korleis ein kan sikre seg eit verv, og gode ting å huske på dersom ein blir vald inn i eit styre.

IMG_8757 Stor.jpeg

Ved sida av det faglege innhaldet fløyt praten og maten lett blant dei oppmøtte. Styringsgruppa i Bømlo U37 er utruleg takksame for at Wärtsilä Norway og Sustainable Energy inviterte oss over til Heiane, og for alle som delte av si tid og kunnskap med oss frå Bømlo U37. Me håpar de hadde ein fin kveld saman med oss.

Ønskjer di bedrift å invitere Bømlo U37 på noko liknande? Ta kontakt med mari@bomlonr.no!

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no