To nye medlemsbedrifter i NMEC

Rubbestadneset

**NMEC fekk to nye medlemsbedrifter i mai: Martech Industri & Marineservice og Sunnhordland Brannsikring. Begge bedriftene er leia av Svein Martens, som har lang og brei erfaring innan båtreperasjonar og maritim industri.

**Svein Martens har bakgrunn frå Båtutrustning på Ternetangen, og har deretter drive Martech Industri & Marineservice, der han utfører konstruksjon, reperasjon og vedlikehald i kompositt. Kundar er alt frå oppdrett til subsea og maritim industri, og han har gjennom firma bistått ulike kundar i teknologiutviklingsprosjekt.

Gjennom medlemsskapen i NMEC ønskjer Martech Industri & Marineservice å styrkje tilbodet ut mot kunde ved kai på Rubbestadneset og Bømlo fiskerihavn, samt vere ein støttespelar for teknologiutviklingsprosjekt i og rundt miljøet i klynga, fortel Martens.

Martens er ein driftig kar, og ved årsskiftet gjekk han inn på eigarsida i Sunnhordland Brannsikring, og overtok rolla som dagleg leiar. Der arbeider han saman med Steinar Østensen som starta firma, og kona Bente. Dei er òg i gang med å tilsette ein ressurs til.

– Sunnhordland Brannsikring har solid kompetanse innan brannvern og brannsikring, og har gjennom mange år utvikla ein god kundebase i regionen. No ønskjer me å utvikle selskapet vidare, både i høve tenestetilbod og i høve utviding av kundebasen til kundar utover Sunnhordlandsbassenget, fortel Martens.

I mai flytta Sunnhordland Brannsikring inn i underetasjen hos Matre i Brubakkjen. Selskapet leverer mellom anna periodisk kontroll og service av alle typar handslukkarar og brannslangar, samt faste slokkeanlegg i skip. – Me ser at me kan vere eit godt tilskot til NMEC sitt formål om å levere mest mogleg av tenester ved kai Rubbestadneset, og me kan òg dra kundar til Rubbestadneset gjennom vårt nettverk, fortel Martens.

Medlemsbedriftene til NMEC ser fram til eit godt samarbeid med Martech Industri & Marineservice og Sunnhordland Brannsikring i åra som kjem, både i høve tenesteleveransar ved kai, og ved samarbeid i teknologiutviklingsprosjekt.Svein Martens har bakgrunn frå Båtutrustning på Ternetangen, og har deretter drive Martech Industri & Marineservice, der han utfører konstruksjon, reperasjon og vedlikehald i kompositt. Kundar er alt frå oppdrett til subsea og maritim industri, og han har gjennom firma bistått ulike kundar i teknologiutviklingsprosjekt.

Gjennom medlemsskapen i NMEC ønskjer Martech Industri & Marineservice å styrkje tilbodet ut mot kunde ved kai på Rubbestadneset og Bømlo fiskerihavn, samt vere ein støttespelar for teknologiutviklingsprosjekt i og rundt miljøet i klynga, fortel Martens.

Martens er ein driftig kar, og ved årsskiftet gjekk han inn på eigarsida i Sunnhordland Brannsikring, og overtok rolla som dagleg leiar. Der arbeider han saman med Steinar Østensen som starta firma, og kona Bente. Dei er òg i gang med å tilsette ein ressurs til.

– Sunnhordland Brannsikring har solid kompetanse innan brannvern og brannsikring, og har gjennom mange år utvikla ein god kundebase i regionen. No ønskjer me å utvikle selskapet vidare, både i høve tenestetilbod og i høve utviding av kundebasen til kundar utover Sunnhordlandsbassenget, fortel Martens.

I mai flytta Sunnhordland Brannsikring inn i underetasjen hos Matre i Brubakkjen. Selskapet leverer mellom anna periodisk kontroll og service av alle typar handslukkarar og brannslangar, samt faste slokkeanlegg i skip. – Me ser at me kan vere eit godt tilskot til NMEC sitt formål om å levere mest mogleg av tenester ved kai Rubbestadneset, og me kan òg dra kundar til Rubbestadneset gjennom vårt nettverk, fortel Martens.

Medlemsbedriftene til NMEC ser fram til eit godt samarbeid med Martech Industri & Marineservice og Sunnhordland Brannsikring i åra som kjem, både i høve tenesteleveransar ved kai, og ved samarbeid i teknologiutviklingsprosjekt.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no