Sunnhordland Brannsikring skiftar namn til multiSAFE

Rubbestadneset

- Selskapet har utvikla seg til å tilby mykje meir enn brannverntenester, og det gamle namnet held oss litt tilbake. Me har spissa forretningsideen ved å tilby komplette tenester for kundane våre, seier dagleg leiar Svein Martens.

I august 2021 vart Hallgeir Goa Myhre tilsett som driftsleiar, og han har gjort et stort og viktig arbeid i digitalisering av drifta. Selskapet tilbyr no digitale sertifikat og saumlaus samhandling med alle kundane, og er slikt sett godt førebudd på framtida.

I tillegg til brannslukkingsutstyr og -tenester, tilbyr no multiSAFE kontroll og sal av løfteutstyr, sjakler stropper og fallseler, kurs blant anna i varmt arbeid, fallsikring, personløftar og slukkeøvingar.

multiSAFE byggjer òg servicestasjon for overlevingsdrakter og fortset det gode samarbeidet med VIKING LSA. - Samarbeidet har gjort at me når ut til andre kundar enn før, og såleis ein ny marknad, fortel Martens. Me får gjennom det tette samarbeidet tilgang på det høgste nivå av kompetanse innan brannvern og evakuerings utstyr.

- Eg er svært stolt over laginnstasten me har lagt inn i denne vesle bedriften. Med moglegheitene vårt lokale næringsliv gjer oss kan me ikkje anna en å bretta opp ermene for framtida, fortel Martens. -Ingenting kjem av seg sjølv.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no