Opningsmarkering av Bømlo vgs avd. Rubbestadneset

Rubbestadneset

Onsdag forrige veke var det duka for offisiell opningsmarkering av Bømlo vidaregåande skule avd. Rubbestadneset. Politikarar frå fylket, tilsette ved skulen, kommune og næringsliv var samla for å feire den store begivenheiten.

Prosessen bak den nye skulen har vore lang, og næringsrådet har vore involvert sidan starten. Simon Nesse Økland, tidlegare styreleiar i næringsrådet, var tydeleg rørt då han fortalde om reisa frå då han leste i Bømlo-Nytt at Rubbestadneset vidaregåande vart kåra til den beste skulen i landet, før det rett etterpå kom forslag om å leggje skulen ned. - Det skulen var best på, var å få elevar gjennom. Om nokon stod i fare for ramle utanfor, fekk lærarane eleven på skulen, ut i praksis og lære i bedrift, og leia dei gjennom opplæringsløpet, sa ein engasjert Økland. - For kvar elev som fullfører vidaregåande opplæring, sparar samfunnet millionar, så den samfunnsøkonomiskeverdien av å ha ein vidaregåande skule som får elevar gjennom og ut i arbeid, er svært høg!

simon.nesse.okland.png

Simon har vore sterkt engasjert i saka sidan 2016, og hatt ein særs viktig rolle i prosessen som representant frå det lokale næringslivet. Saman med representantar frå næringslivet og lokale politikarar har han reist opp og ned til Bergen for å møte fylket og arbeide for å sikre vidare yrkesfagleg opplæringstilbod på Bømlo etter nedleggingsvedtaket i 2016. Simon trakk fram samfunnsbyggjar Jakob Særsten frå LOS Gruppen og dåverande ordførar i Bømlo Kommune Odd Harald Hovland som viktige medspelarar i prosessen.

- Noko som er heilt sikkert er, at me hadde ikkje vore her på opninga i dag, hadde det ikkje vore for at næringslivet på Bømlo mobiliserte og fekk på plass "Bømlo-modellen", fortalde Økland, og trakk og fram sin eigen leiar, konserndirektør Olav Svendsen i Bremnes Seashore, som ein viktig bidragsytar.

Han rosa til slutt den vidaregåande skulen sin innsats i prosjektet og arbeidet med å få modellen opp og gå, og trakk fram arbeidet Nina Ingvaldsen og Erling Lodden frå Eidesvik Offshore gjorde i pilotprosjektet på vegne av næringslivet etter at vedtaket vart fatta. Han løfta fram Bernt Hellesøe, og UNITECH sitt initiativ til å få skulen sin lokasjon inn i næringsbygget dei har ført opp i Rubbestadneset, saman med SIVA og LOS Gruppen.

- Å jobbe med pilotprosjektet har vore ei krevjande, spennande og lærerik reise, fortel dagleg leiar i næringsrådet Nina Ingvaldsen. - Det har vore eit lagspel mellom vidaregåande skule, næringsliv, kommune, fylkesadministrasjon og politikarar, og me har laga ein modell som skal styrkje samarbeidet mellom skule og arbeidsliv. Snart vil det flytte næringsaktørar inn i bygget saman med skulen, og dette trur me vil vere ein sterk motivasjon for elevane, når det til dagleg vil vere aktivitet i bygget som vil vise dei ein moglegheit til korleis ein arbeidskvardag kan sjå ut i framtida. - Me gler oss til fortsettinga, og vil vere med å legge til rette for at skule og næringsliv på Bømlo i framtida òg leverer best på å få elevane gjennom opplæringsløpet og ut i arbeid!

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no