Nytt styre i NMEC

Rubbestadneset

Styret som har vore i NMEC sidan 2018. Frå venstre: Olav Koløy, Steinar Matre, Hein Schaug (vara for Hans Petter Nesse), Tommy Aleksandersen, Jarle Økland og Torbjørn Egeland Eriksen (vara for Gunnar Birkeland).

På NMEC sitt årsmøte i april, vart det gjort nokre endringar i styret.

Styreleiar Jarle Økland, som representerte LOS Elektro, hadde på førehand sagt frå at han ikkje lenger hadde moglegheit å vere med i styret, og det same hadde styremedlem Tommy Aleksandersen frå TESS.

Valkomitéen, beståande av Karl Totland frå Advision og Cato Esperø frå Wärtsilä Norge, fekk inn Oddgeir Alvsvåg frå LOS Elektro og Cecilie Tingvoll Hope frå Amundsen Diving, samt at resten av de eksisterande styret takka ja til å fortsetje.

På styremøtet i mai vart det nye styret konstituert, og er no som følgjer:

  • Styreleiar: Cecilie Tingvoll Hope, ass. dagleg leiar Amundsen Diving
  • Styremedlem: Gunnar Birkeland, CEO UNITECH Energy Group
  • Styremedlem: Hans Petter Nesse, adm.dir. Wärtsilä Norway
  • Styremedlem: Oddgeir Alvsvåg, dagleg leiar LOS Elektro
  • Styremedlem: Olav Koløy, dagleg leiar LOS Marine
  • Styremedlem: Steinar Matre, dagleg leiar Westcon Olvondo

Bilete-2-oddgeir-cecilie-web.jpg

Nytt styremedlem, Oddgeir Alvsvåg og NMEC sin nye styreleiar, Cecilie Tingvoll Hope.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no