Masteroppgave om kommersialisering av ny teknologi

Rubbestadneset

Hausten 2019 tok Rebekka Hansen frå Stord kontakt med NMEC, for å finne ut om det var bedrifter i industriklynga ho kunne skrive masteroppgåve for. NMEC tipsa om fleire bedrifter på Rubbestadneset og Bømlo, og etter å ha snakke med nokre av dei, falt valet på oppgåveskriving hos Olvondo Technology.

Rebekka tek master i industriteknologi og driftsleiing ved Universitetet i Stavanger, med spesialisering i innovasjon og entreprenørskap. Ho hadde lyst å skrive oppgåve for ei bedrift som held på med produktutvikling innan nye teknologiske felt, med fokus på miljø og berekraft, og som er i fasen med å kommersialisere produktet sitt.

– Etter å ha snakka med Morten Hope i Olvondo Technology, fekk eg eit veldig godt inntrykk av selskapet, og ei kjensle av at eg kunne skrive ei masteroppgåve dei kunne ha bruk for, som eg ville lære mykje av, og der dei hadde god kunnskap, erfaring, og ikkje minst lyst, til å følgje meg godt opp under oppgåveperioden, fortel Rebekka.

Olvondo Technology har utvikla ei varmepumpe til industrien, som produserer damp opp til 200 grader, og kjøling ned til 20 minus. Pumpa er ideell for bedrifter innan mat- og prosessindustri, som treng varm damp for å reinse anlegg, og kulde for å kjøle ned produkt, slik som til dømes lækjemiddelindustri, meieri og fiskeforedling. Det beste med produktet er at det brukar spillvarme frå industrien til å lage ny energi, slik at varmepumpa reduserer energibehovet, og dermed CO2-avtrykket til kunden, betydeleg. Som følgje av denne positive klimagevinsten, har selskapet motteke millionstøtte frå EU til å vidareutvikle produktet, og leggje til rette for produksjon og drift av varmepumpa i stor skala.

– Olvondo Technology har teke godt i mot meg som student, dei har brukt tid på å forklare til meg kva bedrifta held på med, eg har fått besøkt dei både på kontoret i Rubbestadneset og på Holmestrand, og fått sett ei varmepumpe i drift hos ein kunde i Sverige.

Oppgåva går ut på lage ein plan for korleis auke driftskapasiteten til Olvondo Technology, og sjå på økonomiske, miljømessige og politiske faktorar i Europa i høve innføring av nye produkt. Det betyr at Rebekka mellom anna må finne ut kva organisatoriske utfordringar Olvondo Technology må løyse for å kommersialisere produktet sitt, kva krav ulike EU-land har til utslepp av CO2, og kva påverknad strategiske alliansar med ulike nettverk i Europa, til dømes innan sal og distribusjon, kan ha i høve vekst.

– Det eg skriv oppgåve om, er ein del av EU-prosjektet som Olvondo Technology arbeider med. Å få vere del av eit produktutviklingsmiljø, der ein jobbar fram løysingar som kan vere med å redusere klimaavtrykk for bedrifter, er kjempespennande, og kjekt at eg som student får vere med på. At arbeidet eg gjer er viktig for bedrifta sitt EU-prosjekt, gjer det ekstra motiverande til å gjere ein god jobb, seier Rebekka.

Til sommaren er ho ferdig med masteroppgåva si, og har begynt å gjere seg tankar om kva ho kan tenkje seg å arbeide med etterpå.

– Eg likar å sjå at ting blir noko av i praksis, sjå moglegheiter, legge til rette for utvikling, og arbeide strategisk. Viktigast no er å få ein relevant og spennande jobb, gjerne i mindre firma som driv teknologiutvikling, slik som Olvondo Technology. Eg er sjølvsagt villig til å flytte dit dei spennande moglegheitene finnes, men har òg blitt klar over at det er mange spennande teknologiutviklingsbedrifter her i Sunnhordland. Om eg er heldig og får jobb i ein av desse, så hadde det vore kjekt å fått reist litt i jobben, seier Rebekka, som likar å farte litt rundt.

Me i NMEC ønskjer Rebekka lykke til med innspurten av oppgåva, og håpar ho flyttar heim til Sunnhordland om ikkje altfor lenge.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no