Lærling i kontorfaget har starta hos NMEC

Rubbestadneset

Etter ferien starta Odd Martin Alvenes som lærling i kontorfaget hos NMEC. Odd Martin vil vere 50 % hos NMEC og 50 % hos LOS Marine, og blant anna utføre oppgåver i resepsjon, gje HMS-opplæring, hjelpe til med fakturering og rekneskapsoppgåver, og delta i planlegging og gjennomføring av frukostmøter og andre samlingar.

_«NMEC sine medlemsbedrifter er alle svært opptekne av dette med å ta inn lærlingar i sine bedrifter, og det ansvaret bedriftene har i utdanninga av fagfolk til arbeidslivet. Det var difor eit samstemt styre som gjekk inn for at NMEC skulle knyte til seg ein lærling i kontorfaget,»_fortel dagleg leiar i NMEC Nina Ingvaldsen. «NMEC har ikkje nok arbeidsoppgåver til å innfri alle kompetansemål som ein lærling må gjennom i læretida, så LOS Marine sa seg villige til å dele opplæringsansvaret, noko som er ei god løysing», fortel ho vidare, og oppmodar andre mindre bedrifter å tenkje i same bane.

«Eg har sett fram til å komme ut i arbeidslivet, og er veldig glad for å ha fått læreplass hos NMEC og LOS Marine» fortel Odd Martin. _«Etter to år med vidaregåande opplæring på service og samferdsel ved Bømlo VGS, ser eg fram til å få jobbe i praksis med det me har lært på skulen. Og så blir det jo kjekt å begynne å tene eigne pengar og då såklart»,_seier han med eit smil.

2. oktober kan du bli betre kjent med Odd Martin, då han skal halde innlegg på frukostmøte til NMEC om korleis ein kan bli betre på samhandling gjennom digitale verktøy. Der vil han fortelje om sin oppvekst i ein digital tidsalder, og kva forventningar han erfarer ungdom har til digitale verktøy, samarbeid og samhandling i arbeidslivet.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no