FSV Group implementerer AkvaManager frå bluesystems

Rubbestadneset
Foto: Michael Conrad (t.v.) sammen med Peter Fahse, begge i bluesystems. (Foto: Sverre Meling jr., Maritmt Forum).

I desember vant bluesystems kontrakt med FSV Group om å levere AkvaManager for driftsoppfølging av deira båtar. Dei er no godt i gang med implementeringa, og den første båten har allereie teke systemet i bruk.

AkvaManager frå bluesystems er ein unik programvare spesialutvikla for drift og administrasjon av servicebåtar i oppdrettsindustrien. Systemet gjer reiarar ei fullintegrert og effektiv løysing for alle administrative oppgåver knytt til drifta av fartøya, uavhengig av storleik på flåte.

«For halvanna år sidan starta prosessen FSV Group om å bli leverandør av driftsløysing til deira båtar. Dei har hatt ein lang og grundig prosess, og me har blitt vurdert opp mot mange, sterke aktørar i marknaden. Derfor er me ekstra stolte over at dei valte oss», fortel dagleg leiar Michael Conrad.

FSV Group har i dag ni båtar som skal ta AkvaManager i bruk, og vil nær doble flåta si dei neste åra. Då er det viktig å ha eit godt verktøy til å drifte båtane med.

«Grunnen til at FSV valgte å gå for AkvaManager og bluesystems når vi skulle ha nytt sikkerhetsstyringssystem, er at AkvaManager i tillegg til å fungere som sikkerhetsstyringssystem også er skreddersydd for servicefartøy innenfor havbruk med spesialtilpassede rapportfunksjoner, fakturering, registrering av mannskapskompetanse, inn- og utlogging av mannskap, registrering av hvile- og arbeidstid m.m», fortel mannskapssjef Helge Løken i FSV Group,

Mange rederi nyttar i dag ei rekkje ulike system, med eigne løysingar for alt frå inspeksjonsrapportering til kontraktshåndtering, fakturering, løn, vedlikehald og kvalitetssikring. Med AkvaManager kan no alle desse jobbane altså utførast i éi og same dataløysing.

«Samarbeidet med bluesystems og Micahel Conrad har fungert utmerket under tilretteleggingen av AkvaManager, implementering av FSV sitt CMS og utarbeiding av forskjellige skjema og sjekklister. bluesystems har vært veldig tilgjengelig for i denne fasen, og endringer/justeringer vi har ønsket har vært utført fortløpende.» fortel ein nøgd mannskapssjef til slutt.

Kontaktpersonar

Me ønskjer deg eit triveleg opphald her på Rubbestadneset!

Clement Stautland
Clement Stautland
Sales Manager, Wärtsilä
+47 931 88 112
clement.stautland@wartsila.com
Olav Urang
Olav Urang
Selgjar, LOS Marine
+47 901 64 690
olav.urang@los-marine.no