
Norwegian Marine and Energy Complex
Norwegian Marine and Energy Complex (NMEC) er industriklynga i Rubbestadneset - sentralt plassert på Bømlo, Vestland. Her er lokale og internasjonale bedrifter med kompetanse i verdsklasse, frå maritim industri, havvind og maskinering til elektrifisering, havbruksteknologi og energigjenvinning.
Siste nyhende
Siste nyhende frå bedriftene på Rubbestadneset.
Snøggbåttilbodet i Sunnhordland må styrkjast – ikkje svekkjast
Tilflyttarstrategien er klar!
U37 Bømlo vitja Wärtsilä Norway
Morgondagens industriløysingar
Industriklynga på Rubbestadneset
På Rubbestadneset finn du òg UNITECH sitt teknologisenter – ein arena for kompetanseheving, produktutvikling og problemløysing. På teknologisenteret kan bedrifter få tilgang til utstyr, areal og kompetanse frå mellom anna medlemsbedriftene til NMEC, for å raskare komme i mål med morgondagens industriløysingar.
Medlemsbedriftene til NMEC har høgt fokus på nytenking og nyskaping, innehar praktisk erfaring med problemløysing og produktutvikling, er fagleg dyktige, effektive og gode på
samarbeid.
På Bømlo er det eit tett samarbeid mellom skule og næringsliv, som saman utdannar kompetente fagfolk. I teknologisenteret på Rubbestadneset finn du Bømlo vidaregåande skule sin avdeling for yrkesfagleg opplæring, vegg i vegg med næringslivet. Her er linjer innan industrifag, elektro, automasjon, maritime fag og akvakultur.
NMEC er inne på eigarsida til Sustainable Energy-katapulten, som hjelper bedrifter med å utvikle og teste berekraftige produkt og system for produksjon, lagring, distribusjon og styring av energi. Hovudlokasjonen for katapulten er på Heiane, Stord, 30 minutt i bil frå Rubbestadneset.
UNITECH Teknologisenter
I 2022/2023 stod UNITECH Teknologisenter ferdig på Rubbestadneset. Senteret er eigd av SIVA, UNITECH Energy RND og LOS Gruppen, og består av ein kontordel samt ein stor utviklingshall. Senteret er ein møteplass for dei som driv utvikling innan subsea- og miljøteknologi, særleg opp mot havnæringane, fornybar energi og offshore wind. Det er òg ein naturleg møteplass for industri og akademia.
UNITECH gjere tilgjengeleg infrastruktur til prototyping og testing til bedrifter frå heile landet, og gjennom dette legge tilrette for raskare industriell vekst gjennom effektiv testing, simulering og visualisering av ny teknologi og nye løysingar.
I teknologisenteret har Bømlo vidaregåande skule sin yrkesfagleg opplæring base. Målet til UNITECH er å vere ein støttespelar i arbeidet med å tilby relevant og framtidsretta opplæring til elevar innan teknisk industriell produksjon, elektrofag, automasjonsfag, maritime fag og havbruksfag, og auke status og attraktivitet rundt yrkesfagleg utdanning.
One Stop Shop for fartøy
Mange av medlemsbedriftene i klynga har gått saman for å tilby reiarar ein One Stop Shop for fartøy. Blant fasilitetane finn ein slipp, flytedokk, maskineringssenter, generatorverkstad, thrusterverkstad, turboverkstad, vedlikehaldsverkstad og testfasilitetar i sjø.
Les meir om One Shop Shop her
Medlemsbedrifter
Her finn du oversikt over medlemsbedrifter i NMEC. Ønskjer di bedrift å verte medlem? Ta kontakt på post@nmec.no.
Samarbeidspartnarar
Les meir informasjon om våre samarbeidspartnarar.
Kontakt oss
NMEC
- post@nmec.no
- post@nmec.no
- Org.nr 918 539 468
Dagleg leiar
- Navn
- Nina Ingvaldsen
- Telefonnummer
- +47 905 47 929
- nina@nmec.no
Styreleiar
- Navn
- Cecilie Tingvoll Hope
- Telefonnummer
- +47 915 18 622
- cecilie@amundsendiving.com