
Velkomen til Rubbestadneset
På denne sida finn du ein introduksjon av bygda Rubbestadneset og alt den har å by på. Du finn også tips til relevante lenkjer du kan besøkje for enda meir informasjon. Velkomen skal du vera!
Om staden, opplevingar og attraksjonar
Rubbestadneset
Rubbestadneset er ein tettstad i Bømlo kommune, Hordaland. Det ligg på nordaustsida av øya Bømlo og har 1235 innbyggjarar (2018). Bygda ligg ca. 7 km. frå kommunesenteret Svortland. Her ligg det einaste hotellet på Bømlo, i tillegg er det ein matvarebutikk, gatekjøken og tannlege.
Rubbestadneset har fleire større industribedrifter med tradisjonar tilbake til starten av 1900-tallet (Wärtsilä Norway, tidlegare Wichmann Motorfabrikk AS). Her ligg mange små og store bedrifter som stort sett rettar seg mot maritim næring, aquakultur, oppdrett og olje- og gassnæringa.
I Rubbestadneset er det også ein vidaregåande skule for yrkesfag, barneskule, SFO-ordning, barnehage, idrettslag, båtlag, bedehus osb.
Bygda har også mange fine stader ein kan oppleva, aktivitetar for store og små og attraksjonar verdt eit besøk. Bruk kartet under for å orientere deg.
Bli kjent med bygda
I kartet frå www.opplevbomlo.no finn du bedrifter, opplevingar og stader ein kan overnatte på Rubbestadneset og omegn.
- Turistbedrifter
- Handel
- Opplevingar
- Overnatting
Rubben.no
På Rubben.no finn du meir informasjon om det å bu og leva på Rubbestadneset.
Besøk Rubben.no